Kondolanseprotokoll i Vang
For dei som ønskjer å vise si deltaking og skrive ei siste helsing, vil det vere mogleg å skrive i kondolanseprotokoll i Vang.
Kondolanseprotokollen vil vere tilgjengeleg på Vangsheimen frå fredag ettermiddag og fram til søndag kl. 18.00.
I Vang kyrkje er det messe søndag klokka 19.00. Her vil det også vere høve til å skrive i kondolanseprotokollen.
Frå måndag til fredag vil kondolanseprotokollen vere tilgjengeleg på kommunehuset mellom klokka 09.00 og 15.00 for dei som ønskjer å skrive ei helsing.
Rettleiing om den nasjonale sørgeperioden
Regjeringa har utarbeidd ei rettleiing med informasjon til innbyggjarar, kommunar, organisasjonar, verksemder og andre om den nasjonale sørgjeperioden og korleis han kan markerast. Rettleiinga inneheld og informasjon om arrangement og gjennomføringa av desse.
Les rettleiinga om den nasjonale sørgeperioden på regjeringen.no
Ei siste helsing
Kong Harald har med sitt nærvær, sitt engasjement og si varme har han sett djupe spor i det norske folket. Gjennom eit langt liv i teneste for landet har han vore ein samlande og trygg representant for Noreg.
Våre tankar går til kongefamilien og dei næraste i denne tunge tida.
Fred over kong Harald sitt minne.