Lausdriftskrav 2034 – informasjonsmøte for storfebønder
Har du storfe og lurer på korleis du kan tilpasse deg dei nye lausdriftskrava som gjeld frå 2034? Då er du velkomen til informasjonsmøte på Kulturkafeen på Slidretun.
Landbrukskontora i Vang og Vestre Slidre kommune inviterer til møte der du får informasjon om regelverket og kva moglegheiter som finst for tilpassing og vidare drift. Kommunane har ein plan og ønskjer å gi råd og rettleiing til bønder som blir råka av endringane.
Tid og stad
- Måndag 30. mars 2026
- Kl. 19.00
- Kulturkafeen, Slidretun
På grunn av matservering er det fint om du melder deg på innan 27. mars 2026.
Påmelding kan sendast til landbrukskontoret ved Wenche Søndrol på e-post: 📧 wenche.sondrol@vang.kommune.no
Vel møtt!

Sist endra 20.03.2026 14.40