Informasjon om valdagene – Stortingsvalet
I samband med stortingsvalet blir det høve til å stemme i Vangshallen på følgjande tidspunkt:
 
- Søndag 7. september: kl. 13.00 – 17.00
 - Måndag 8. september: kl. 09.00 – 18.00
  
Nytt for året er at stemmelokalet er inne i Vangshallen, sal 3, med inngang på baksida av bygget.
Parkering:
- Ordinær parkering er ovanfor rundkøyringa.
 - For forflytningshemma er det mogleg å køyre ned langs fotballbana og parkere på baksida ved inngangen til stemmelokalet.
  
Hugs legitimasjon.
Det er fortsatt høve til å førehandstemme på Vang kommunehus måndag t.o.m fredag 5.septemer: kl. 8.30-15.30
 

    
      
        
          Sist endra 01.09.2025 13.54