Infomøte om fosterheim i Valdres

Stad: Festsalen i Jernbanevegen 22 i Fagernes
Tid: Måndag 12.mai kl. 19-21

Fleire born og unge treng fosterheim i Valdres. Kunne du tenkje deg å hjelpe eit barn?

Saman med fosterheimstenesta inviterer Valdres interkommunale barnevernsteneste til eit informasjonsmøte om fosterheim. Du vil møte rådgivar frå fosterheimstenesta og representantar frå barnevernstenesta. Det vil bli moglegheit for å stille oss spørsmål undervegs og/eller snakke med oss i etterkant.

Du treng ikkje ha noko erfaring eller relevant utdanning for å bli fosterheim.

Dette får du vite meir om på møtet:

  • Kven kan bli fosterforelder, og korleis ein blir det
  • Kva kjenneteiknar barna som treng fosterheim, og kvifor dei må flytte frå foreldra sine
  • Opplæring for å bli fosterheim, og oppfølging og rettleiing når barnet flyttar inn
  • Kva som blir forventa av deg som fosterforelder
  • Økonomi, godtgjering og rettar
  • Forskjellane på eit vanleg fosterheim, eit spesialisert fosterheim og ein beredskapsheim

 

Meld deg gjerne på via dette skjemaet: Påmelding

Vi håpar å sjå deg!