Hugs bandtvang frå 1. april til 31. oktober

Alle som bur eller oppheld seg i Vang kommune må hugse at det er bandtvang for hundar frå 1. april til 31. oktober. I denne perioden skal hundar ikkje gå lause, sjølv om dei er lydige eller godt trente.

Kvifor bandtvang? 
Bandtvangen er viktig for å:

  • Verne om vilt og dyreliv, særleg i hekke- og yngletida.
  • Førebyggje konfliktar mellom hundar og menneske, og mellom hundar og andre dyr.
  • Tryggleik for alle som ferdast i naturen og i tettbygde område.

Kva gjeld?
I tillegg til den ordinære bandtvangstida frå 1. april til 20. august, er det utvida bandtvang frå 21. august til 31. oktober når bufe går ute på beite.

Lenke til forskrift:
Forskrift om hald av og bandtvang for hund, Vang kommune, Oppland