Hugs at det er ulovleg å brenne avfall

Kvart år får vi fleire tips om folk som brenn avfall.

 

Å brenne avfall er ulovleg og kan få alvorlege konsekvensar for både miljøet og helsa di. Det er altså inga god løysing for å bli kvitt avfallet ditt. 

Å brenne avfall er i strid med plikta til å unngå forureining, jamfør forureiningslova § 7, første ledd:

«Ingen må ha, gjere eller setje i verk noko som kan medføre fare for forureining utan at det er lovleg etter §§ 8 eller 9, eller tillate etter vedtak i medhald av § 11.»

Du risikerer store utgifter

Det er berre lov å brenne reint trevirke som greiner, kvistar og ubehandla tremateriale. Alt anna er avfall og skal leverast til godkjend avfallsmottak.

Dersom vi oppdagar at avfall har blitt brent, vil vi vurdere om du som forureinar må kartleggje om brenninga har ført til forureining av grunnen som må fjernast. Dette må du som forureinar betale for, og det kan bli ein stor kostnad.

 

Slik påverkar det miljøet og helsa

Når du brenn avfall, slepp du ut skadelege stoff som karbondioksid (CO₂) og metan (CH₄), som bidreg til klimaendringar.

I tillegg kan giftige kjemikaliar frå plast og andre materiale skade naturen og dyrelivet.

Røyken frå avfallsbrenning kan vere svært skadeleg for helsa. Innpusting av denne røyken kan føre til luftvegsproblem, hjarte- og karsjukdomar, og i nokre tilfelle kreft.

Born, eldre og personar med eksisterande helseproblem er spesielt utsette.

Det er òg viktig å hugse at mykje av avfallet er ein ressurs for samfunnet dersom det vert levert til eit avfallsmottak som resirkulerer og behandlar det på rett måte.

 

Tips oss

Kommunen ynskjer tips om ulovleg brenning slik at vi kan ta kontakt med den ansvarlege.

Send tips til e-post: post@vang.kommune.no