Dette prosjektet representerer eit betydeleg digitalt løft for kommunane i Innlandet, og er den største anskaffinga av elektronisk pasientjournal (EPJ) i norsk kommunesektor, målt i talet på kommunar.
Formålet er å gi helse- og omsorgstenestene betre og meir effektiv tilgang til pasientinformasjon, styrkje samhandling på tvers av tenester og kommunar, samt forbetre arbeidsflyt og pasienttryggleik.
Anskaffinga er gjennomført gjennom prosjektet «EPJ‑løftet i Innlandet», som er organisert av Digi Innlandet. Kommunane har stått samla om krav, behov og mål for framtidas EPJ‑løysing, og har valt Aidin AS som leverandør.
Eit sterkare grunnlag for kvalitet og berekraft
Arbeidsgruppa i prosjektet fra venstre: Marthe Dyrud (prosjektleder), Åse Hirsch Nilsen,Tove Merete Svestad, Øyvind Skattebo, Monica Berg, Frode Røste, Leni Strømstad, Per Åge Nilsen, Tor Sætrang, Trond Skaug, Elena Kolnes, Heidi Snoen Glomsås, Oskar Skutlaberg Fraværende; Jan De Dunker, Tone Finstad RønningEPJ‑løftet gir kommunane eit betre utgangspunkt for å utvikle helse- og omsorgstenestene på ein meir heilskapleg og berekraftig måte. Den nye EPJ‑løysinga legg til rette for betre arbeidsprosessar, betre beslutningsstøtte og tryggare handtering og deling av informasjon.
Samla bidreg dette til auka kvalitet i tenestene, samstundes som ei felles tilnærming og samarbeid mellom kommunane gir eit sterkare grunnlag for effektiv ressursbruk og langsiktig økonomisk berekraft.
Gradvis innføring og langsiktig samarbeid
Det er SÅTE‑kommunane (Stor‑Elvdal, Åmot, Trysil og Engerdal) som blir dei første kommunane som startar implementeringa av ny EPJ. Deretter følgjer dei øvrige kommunane med gradvis innføring frå 2026 og vidare.
Les meir om anskaffinga på nettsida til Digi Innlandet: Historisk samarbeid om fremtidsrettet digital løsning for helsesektoren. - Digi Innlandet