Gunstig startlån for førstegongsetablerarar: Ny moglegheit for unge i Vang!

Vang kommune er ein av få kommunar i landet som kan tilby ei ny og gunstig startlån-ordning for førstegongsetablerarar. Ordninga skal gjere det lettare for unge i etableringsfasen å ta steget inn på bustadmarknaden - sjølv om dei ikkje får lån i vanlege bankar.

Kva er nytt med denne låneordninga?

Forsøksordninga «startlån for førstegongsetablerarar» rettar seg mot unge og andre som kjøper bustad for første gong, men som likevel fell utanfor ordinære bankkrav. Forskjellen frå ordinært startlån, er at denne ordninga kan gjevast til unge i etableringsfasen, som ikkje får lån i banken.

Startlån blir tradisjonelt tildelt dei som ikkje får finansiering i privat bank, anten på grunn av manglande eigenkapital eller at lånetilbodet til banken ikkje er høgt nok til å kjøpa passande bustad. No er det opna for at også førstegongsetablerarar kan få startlån gjennom ein forsøksordning.

Kvifor deltek Vang i ordninga?

Vang kommune har som mål å gjera det enklare for unge å busetja seg i Vang.

Ein nøkkel inn i bustadmarknaden er ofte første steg, og derfor er me veldig glade for at Vang er vald ut som éin av få kommunar i landet.

Kor mykje kan ein låna?

Det er inga øvre lånegrense. Låntakar må likevel kunna dokumentere at ein klarer å betala renter og avdrag, og at ein har økonomi til å handtere andre faste utgifter. Det er pant i bustaden og bustaden må godkjennast av kommunen.

Renta følgjer Husbankens satsar. Rentene er marknadsstyrte og blir berekna ut frå dei fem beste lånetilboda på marknaden.

Innan ti år etter utbetaling, må lånet refinansierast i ein annan bank. Målet er at låntakaren då har spart opp nok eigenkapital til å gå over på ordinært bustadlån. 

Kven kan søkje?

Alle kan søkja, så lenge ein ikkje får lån i privat bank. Hovudregelen er at ein ikkje skal ha eigd bustad tidlegare.

Krav:

  • minst 5 prosent eigenkapital
  • betalingsevne til renter og avdrag
  • bustaden må ligge i Vang
  • det er ingen ulemper ved denne låneordninga samanlikna med andre lån

Klikk her for å lese korleis du søkjer:
https://www.vang.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/startlan-og-bustotte/

Har du spørsmål?

Kontakt Rådgjevar helse og omsorg, Joanke Tito: Joanke.tito@vang.kommune.no

Kontaktinfo

Joanke Tito
Rådgjevar helse og omsorg
E-post
Telefon 95 40 42 79