Gratis skibuss i Vang kommune!
Frå 31. januar til 28. mars (ikkje i veke 9) går det gratis skibuss frå Ryfoss kl. 09.30 til skianlegget i Vang, med retur frå heisen kl. 15.00. Bussen vil gå laurdagar og er eit tilbod for dei som skal til skiheisen på Filefjell.
- Bussen stoppar på busshaldeplassane langs E16.
- Bussen stoppar også i Øye sentrum.
- Barn og unge må klare seg sjølv i bussen og heisen.
- Ta med niste og drikke.
- Hugs å oppføre deg ordentleg – dårleg oppførsel = ikkje tilbod om buss neste gang
Tyin Filefjell skriv på deira facebookside:
Laurdag 31.januar: Barneheisen, Skibåndet, Kileheisen og Tørisheisen kjører frå kl.10-15.30.
Vi tilbyr transport for tilkomst til Kileheisen frå Skikaféen for gjester som treng dette.
Børrenøsheisen er tilbake i drift laurdag 7. februar.

Sist endra 29.01.2026 12.54