God jul frå Vang kommune

Når vi går inn i juletida, vil vi sende ei varm helsing til alle i Vang. Takk for fellesskap, omtanke og vilje til å stille opp for kvarandre gjennom året som har gått.

Jul er ei tid for ro og samvær. Samstundes sender vi ei ekstra helsing til alle som opplever jula som vanskeleg, og til alle som gjer ein innsats for andre – også i høgtida. Ei særleg takk går til dei som er på jobb i jula, og som bidreg til at viktige tenester held fram også i desse dagane.

Vi ønskjer alle ei god og fredeleg jul, og eit godt nytt år!

Helsing,
Erlend og Jørand