Ein eigen næringsanalyse vart på etterjulsvinteren gjennomført og utarbeidd som eit sentralt kunnskapsgrunnlag for dette arbeidet.
Det ligg no føre ei utkast til næringsstrategi som skal peike ut retning og prioriteringar for korleis vi kan legge til rette for verdiskaping, arbeidsplassar og berekraftig næringsutvikling i Vang kommune.
Her finn du utkast til Næringsstrategi (PDF, 726 kB) og næringsanalysen som ligg til grunn for arbeidet (PDF, 673 kB).
Vi ynskjer med dette innspel frå næringsliv, organisasjonar og andre aktører i kommunen på framlegget. Frist for å sende innspel er 22. mai via denne sida: Innspel næringsstrategi Vang