Forbod mot røyking på leikeplassar og idrettsområde frå 1. januar 2026

Frå 1. januar 2026 blir det forbode å røykja på utandørs leikeplassar og idrettsområde. Forbodet gjeld også bruk av e-sigarettar og vape. Hovudformålet med å utvida røykjeforbodet til desse områda er å verna barn mot passiv røyking.

Leikeplassar og idrettsområde
Røykjeforbodet gjeld alle utandørs leikeplassar der allmennheiten har tilgang. 
Forbodet gjeld også utandørs idrettsområde som er opparbeidde for eller tilpassa bruk til idrett, til dømes fotballbanar eller friidrettsanlegg. Områda skal vera røykfrie også når dei blir brukte til andre formål enn idrett, som konsertar eller markeringar.


Kven har ansvar?
Det er den som er ansvarleg for området – til dømes eigar eller driv – som skal sørgja for at røykjeforbodet blir overhalde. Der det kan vera tvil, skal det setjast opp tydeleg skilting om at røyking er forboden.
Den ansvarlege kan be personar om å slutta å røykja, og har også høve til å visa bort personar som bryt forbodet.

 

Kommunalt tilsyn og moglege sanksjonar
Kommunen kan gi pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på røykjeforbodet. Det er den ansvarlege for området som kan påleggjast reaksjonar, ikkje kvar enkelt røykjar.
Den ansvarlege for området kan klaga på kommunevedtaket til Statsforvaltaren.

 

Vedteke av Stortinget
Bakgrunnen for forbodet er eit vedtak i Stortinget i juni 2025. I tillegg til røykjeforbod på leikeplassar og utandørs idrettsområde, vart det også innført forbod mot røyking i private køyretøy når barn under 18 år er til stades. Politiet fører tilsyn med dette siste forbodet.
Helsedirektoratet har sendt informasjon om dei nye reglane til alle kommunar og Sysselmeisteren. Statsforvaltarane har fått brevet i kopi.

 

Sjå meir informasjon på Røykeloven og røykeforbud - Helsedirektoratet