Endring av dagsentertilbodet i Vang

Dagsenteret på Vangsheimen er eit ikkje-lovpålagt tilbod til heimebuande eldre som har behov for aktivitet og sosial omgang. Dagsenteret er ope 2 dagar i veka, utanom feriar. Frå hausten 2025 er me dessverre ikkje i stand til å bemanne dagsenteret. Me ser difor at me må pause dette tilbodet, inntil vidare. Alle brukarane av dagsenteret har fått brev med informasjon om endringa.

Dagaktivitetstilbodet på Storplogen vil framleis vera i drift. Dette er eit lovpålagt tilbod, for dei med kognitiv svikt. Enkelte av dei som har nytta dagsentertilbodet på Vangsheimen vil få aktivitetstilbod på Storplogen, etter individuell vurdering. 

Me er lei for at me ikkje kan oppretthalde tilbodet me har hatt, då me veit at dagsenteret betyr mykje for dei 10-12 brukarane som nyttar det. Demografiske endringar i befolkninga gjer det krevjande å ha nok tilsette i helsesektoren i framtida, dette er ei utvikling me har sett kome lenge og som nettopp vil gi slike utfall. 

At heimebuande eldre likevel skal ha aktivitet og sosial omgang er særs viktig, både for den enkelte og som ein forebyggande faktor. Me vil difor jobbe saman med Frivilligsentralen og arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn for å finne alternativ til dagsenteret slik me kjenner det i dag. Frivilligsentralen vil i løpet av juni besøke dagsenteret for å prate med brukarane om kva som finst av andre tilbod pr i dag, og kva som eventuelt trengst av tilrettelegging utover hausten. 

Eit frivillig drifta tilbod vil uansett vere heilt avhengig av at det er frivillige som ønskjer å bidra. Har du idear til noko du kan bidra med? Ta gjerne kontakt med Frivilligsentralen på frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73