Eigenberedskapsveka 2025

Eigenberedskapsveka 2025 blir arrangert i veke 44, frå måndag 27.oktober til 2.november.  Tema for årets kampanje er felles eigenberedskap, med særleg fokus på unge under 30 år og ordet beredskapsvenn. 

Dette er ein landsdekkande kampanje som blir gjennomført av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar over heile landet. Målet med kampanjen er at flest mogleg skal vere førebudd på å klare seg sjølv i ei veke dersom ei krise skulle oppstå.

Måndag 27.oktober kl. 11 - 12 blir den nasjonale åpninga av Eigenberedskapsveka 2025 markert med ei sending frå Molde som er open for alle. Dette kan ein sjå her. 

Kva er eigenberedskap?

Norske styresmakter anbefaler at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke. Dette fordi kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei vi har rundt oss, vil det styrkje det norske totalforsvaret – altså summen av samfunnsressursane for å førebyggje og handtere krise og krig.

Kva er ein beredskapsvenn? 

I årets kampanje blir omgrepet beredskapsvenn spesielt løfta fram – korleis vi kan samarbeide med kvarandre om eigenberedskapen.

Det å vere ein beredskapsvenn betyr å bry seg litt ekstra - ta ansvar for seg sjølv, men også for andre som kan trenge hjelp i ein krisesituasjon. Med ulike eigenskapar og kunnskapar kan familie, vener og naboar støtte kvarandre. Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Beredskapsvenner kan hjelpe kvarandre med omsorg, støtte, opphald og overnatting, deling av utstyr og varer, og med praktiske oppgåver.

Les meir om eigenberedskap på dsb.no

Slik bidrar du til beredskapen i Noreg