
Arbeidsgruppa Levande Lokalsamfunn hadde mykje på agendaen denne dagen, og sit att med mange gode tilbakemeldingar frå dei som kom. Bodskapet i alle innlegga var at folk skal få hjelp, og kjenne seg trygge i heimen sin så lenge som mogleg, eller i omsorgsbustad og på Vangsheimen. Kommunen gjer også grep for å halde tritt med den digitale utviklinga, slik at ting blir tryggare og enklare både for innbyggarane og dei som skal arbeide med dette.
Velferdsteknologi
Sjukepleiarane Elina Nesse og Svein Ove Blystad frå kommunen var innom ulike typar dosettar (som elektronisk medisindispenser og multidose), tryggleiksalarmar (rundt hals eller handledd), Jodapro (stemmestyrt hovudkamera), digital heimeoppfølging (som måling av blodtrykk, blodsukker, temperatur og oksygenmetning), og Komp (skjerm som familie og vener kan sende bilder og ha videosamtale på). Noko er gratis, noko kan du kjøpe sjølv. Dei forklarte også om Room-mate, sensorsystemet på Vangsheimen som bl.a. gir pasientar meir tryggheit og bedre nattesøvnen fordi nattevaktene ikkje treng inn på romma for sjekk.
Brannforebygging og smarte hus
Valdres brann – og redningsteneste v Ringen og Fremgaard spurde; har de det trygt heime? Når sjekka du brannslokkingsapparatet sist? Kvar ladar de telefonen? Det vart vist fram bl.a komfyrvakter og brannteppe. Det var mange spørsmål og eigenopplevingar frå dei frammøtte, som fikk med seg mange gode tips og råd.
Oddvin Almenning frå IKT Valdres fortalte om smarte løysingar for å få smarte hus. Alt frå robotstøvsugar til styring av lys, varme, bevegelsessensorar, stikkontaktar med smartfunksjonar osv. Dette er ein verden med uendelege mogelegheiter, og Oddvin oppfordra folket til å nytte barn, barnebarn og kanskje høyre med den lokale elektrikaren? Start i det små med enkle grep og lær litt om senn, var rådet hans.
Ergoterapi og Levande lokalsamfunn
Ergoterapeut i Vang kommune, Hanne Kjersti Berge, tok oss med i ordningane for tilrettelegging i heimen. Lause og faste hjelpemiddel, kva ein kan få dekka gjennom tilskotsordningar og kva ein må koste sjølv. Du kan ta kontakt med kommunen om du ønskjer eit heimebesøk eller meir info.
Her kan du sjå ein filmsnutt om korleis eit heimebesøk kan gi løysingar som ikkje berre kjem deg til gode, men også generasjonar fram i tid
Her kan du fleire sjå før- og etterbilder av tilpasningar av inngangsparti, som ein kan søke tilskot til
Rådgjever helse- og omsorg, Joanke Tito, avrunda møtet med informasjon om arbeidsgruppa Levande Lokalsamfunn, og ting som er kome til siste året, som t.d. Sterk og stødig, Møteplassen, besøksven- ordning med Røde Kors, og digi-kafè. Alle desse tilboda er tilgjengeleg for alle innbyggjarar som er interessert.
Har du spørsmål, kontakt:
- Elina Nesse, Sjukepleiar og velferdsteknologi-ansvarleg: 41 84 78 83
- Hanne Kjersti Berge, Ergoterapeut: 99 09 88 17
- Joanke Tito, Rådgjever helse- og omsorg, og leiar for Levande Lokalsamfunn: 95 40 42 79
- Valdres brann – og redningsteneste: Kontakt oss - Valdres Brannvesen IKS