Kva er demens?
Demens er ikkje ein naturleg del av aldring, men ei samleomgrepet for sjukdomar som påverkar hjernen. Sjukdommen utviklar seg gradvis og kan føre til mellom anna hukommelsesproblem, utfordringar med språk og orientering, og auka vanskar med daglege gjeremål. Tidlege teikn kan vere at ein gløymer meir enn vanleg, mistar oversikta over avtalar eller opplever endringar i humør og åtferd.
Hukommelsesteamet i Vang kommune
Vang kommune har eit eige hukommelsesteam som arbeider med utgreiing, oppfølging og rådgjeving for personar som opplever hukommelsesutfordringar og deira pårørande. Teamet kan gi informasjon, rettleiing og støtte gjennom heile forløpet. Les meir om dette her: https://www.vang.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/heimetenester-og-sjukeheim/tenester-i-heimen/hukommelsesteam/
Er du bekymra?
Dersom du er bekymra for di eiga hukommelse, eller for ein i familien, er det viktig å ta det på alvor. Tidleg utgreiing kan gi betre oversikt, hjelp og oppfølging. Ta kontakt med fastlegen din dersom du har spørsmål eller opplever endringar som gjer deg uroleg.
Vang er eit demensvenleg samfunn
Vang kommune samarbeider med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å vere eit demensvenleg samfunn. Målet er at menneske med demens skal kunne delta aktivt i lokalsamfunnet og bli møtt med forståing, respekt og inkludering.
Som ein del av arbeidet med å vere eit demensvenleg samfunn har Vang kommune tidlegare gjennomført kurs om demens og korleis vi kan møte menneske med demens på ein god måte. Kunnskap og forståing gjer det enklare å skape eit inkluderande lokalsamfunn for alle.
Dersom du, arbeidsplassen din eller verksemda di er interessert i eit slikt kurs, kan du ta kontakt med Joanke Tito for meir informasjon.