Bulyst og trivsel i Vang

Kommunen sitt nye bulystteam er i gang! Målet er at fleire flytter til Vang, at dei unge som veks opp her ønskjer å flytte heim, og at dei som allereie bur her har det bra.

Bulystteamet har som oppgåve å kartlegge tidlegare og eksisterande bulysttiltak i Vang, avdekke behov og prioritere nye tiltak, og koordinere bulystarbeid i Vang i samarbeid med både næringsliv, organisasjonsliv og eldsjeler. Det skjer allereie ein masse gode ting i Vang som gjer at folk trivast her, så jobben blir å danne seg ein oversikt og sjå kvar det er behov for nye tiltak.

Satsingsområde og samansetning

For å bu og trivast i Vang er det mange faktorar som skal vere på plass, som jobb, bustad og eit sosialt nettverk. Bulystteamet skal bistå på desse felta, og er difor satt saman av desse personane:

  • Marte Tangen, dagleg leiar på Frivilligsentralen, har oversikt over dei flotte tilboda som frivillige lag allereie skapar i Vang, og skal sørge for godt samspel med foreiningslivet.
  • Erling Oppheim, næringsrådgivar, har overblikk over arbeidsmarknaden og bustadsituasjonen i Vang, og skal sikre godt samspel med næringslivet.
  • Solfrid Jordalen Jægersborg, HR-leiar i kommunen, har oversikt over ledige jobbar i kommunen og tiltak som kan gjennomførast på arbeidsplassen.
  • Marta Bjørnøy Lalim, kommunalsjef for utdanning og kultur, har overblikk over kulturlivet og skule/barnehage, som er viktige delar av satsinga.
  • Anastasia Glæsel, programrådgivar på læringssenter, speler ei viktig rolle i arbeidet med utdanning og inkludering for flyktningane som blir busett i Vang.

På sida Velkomen til Vang finn du kontaktinfo til alle i bulystteamet, samt ei rekke gode argument for kvifor bu i Vang!

f.v. Marte Tangen, Marta Bjørnøy Lalim, Solfrid Jordalen Jægersborg, Erling Oppheim

Vellykka idémyldringskveld

Rett før påske inviterte Frivilligsentralen innbyggjarane til idémyldringskveld på Mjøsvang. Tema var bulyst og møteplassar, og 25 engasjerte sambygdingar jobba fram ei rekke gode idear. Desse er gull verdt inn i arbeidet som bulystteamet skal ta tak i!

 Dei 6 gruppene jobba fram ein prototype på sin beste idé, her er ei kort oppsummering av dei 6 prototypane som vart presentert:

  • Vangstunet 2.0.

Ideen handla om å flytte helsetenestene frå Vangstunet opp til Vangsheimen, og gjere om Vangstunet til ein kulturell og sosial møteplass. Her skal det vere både kafé/mingleområde, turistinfo, barnepass, ungdomslokalet, BUA i samanheng med Frivilligsentralen, bibliotek, kontorfellesskap, og eit oppgradert uteområde med gras, leikeapparat, aktivitetspark, grill, badstue, konsertplass/amfi, parkering og parsellhagar. For ikkje å snakke om hengebru frå Vangsheimen og glaspassasje over til kommunehuset!

  • Edens hage

Denne ideen var flott skissert i ein lego- og pappmodell. Hagen er foreslått nedanfor prestegarden, og skal innehalde basseng, stupetårn, amfiscene, parsellhagar og mykje meir. Kvifor ikkje draume stort? Behovet for ein god samlingsplass utandørs er i alle fall noko som gjekk igjen hos fleire.

  • Happeningstafett

Ein idé som ganske enkelt kan la seg gjennomføre er happeningstafetten, der bulystteamet i samarbeid med ulike aktørar set opp eit program/årshjul, for ei rekke aktivitetar som skal skje på ulike plassar og med ulikt innhald gjennom året.

  • De unges kafé

De unges kafé er ein idé om ein lågterskel møteplass som er ope både på dag, kveld og helg, der det kan vere sosiale treff som er både sporadiske og arrangerte, der det er dart, shuffelboard, underhaldning, konkurransar og kurs, som er retta mot både ungdom og unge vaksne.

  • Vang kommune-appen

Denne gruppa ønska seg ein Vang kommune-app som fangar opp nye innbyggjarar så snart dei melder flytting til Vang. Då skal du få tilbod om å registrere dine interesser, kompetanse og behov, og bli kopla opp med likesinna. Mogelegvis ein kostbar og krevjande idé, men kjernen her er det jo fullt mogeleg å jobbe vidare med – at nye vangsgjeldingar treng oppfølging for å danne seg eit nettverk!

  • Ambassadørar på arbeidsplassane

Gruppe 6 var opptatt av å få folk til å snakke med kvarandre, ikkje om kvarandre. Idéen gjekk ut på å synleggjere mangfaldet på arbeidsplassen, ved å engasjere ulike ambassadørar som kan vise fram noko anna enn dei stereotypiane som folk kanskje forbind med ulike yrker.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Vegen vidare

Bulystteamet vil no jobbe for å spreie bodskapen om at arbeidet er i gang, og at vi er tilgjengeleg for folk som ønskjer å ta kontakt. Det kan både vere folk som ønskjer å flytte til Vang, eller folk som allereie bur i Vang og som har idéar eller innspel til korleis skape bulyst.

Dette er ikkje eit arbeid som eit knippe kommunalt tilsette (med allereie tette timeplanar…) kan løyse åleine, å skape bulyst er noko heile bygda bidreg til. Men vi skal gjere vårt beste for å koordinere dei innspela som kjem og dei prosjekta som allereie er i gang, og å vere eit imøtekomande kontaktpunkt for alle som er nysgjerrige på Vang!

Har DU innspel til arbeidet? Kontakt nokon i bulystteamet!