Bondekafé på Mjøsvang - tema: Beredskap i landbruket

Då er det igjen tid for Bondekafé!
Torsdag 6. november klokka 19.30 inviterer vi til ein triveleg kveld på Mjøsvang Kafé.

Denne gongen blir temaet «Beredskap i landbruket», og beredskapskoordinator Mathilde Anderdal kjem for å orientere og dele nyttige råd om korleis ein kan vere betre førebudd på uventa hendingar i landbruket.

Det blir sjølvsagt også muligheit til ein god prat over noko godt å bite i - pizza står på menyen!

Set av kvelden, ta med godt humør og kom på ein sosial og lærerik kveld saman med andre frå landbruket.

Kontaktinfo

Wenche Søndrol
Landbruksrådgjevar
Telefon 46 82 90 71

Har oppgåver innanfor landbruksforvaltning som tilskotsordningar innafor jordbruk, rettleiing og saksbehandling av landbruksfaglege saker. Ansvarleg for rovvilt og hjorteviltforvaltning i kommunen.