Beitande geiter ved Opdalstølen
Fem geiter beitar sommaren 2026 i og ved kulturminneløypa ved Opdalstølen, Tyinkrysset. Dette er eit samarbeid mellom Vang kommune og Innlandet fylkeskommune for å ta vare på kulturlandskapet og gjere kulturminna meir tilgjengelege.

Geitene et kratt og buskas, og bidreg til å hindre gjengroing. Slik vert området lettare å ferdast i – både for turgåarar og for å oppdage spor etter fortida, som dei mange skålgropene langs løypa.
Viktig å hugse på:
- Hald hunden i band.
- La geitene beite i fred.
- Vil du helse på geitene? La dei kome til deg - ikkje spring etter eller lokk dei.
Geitene beitar innanfor eit avgrensa område og har på seg halsband som held dei innanfor beiteområdet. Lokkar du geitene ut av området, kan dei få straum. Difor ber vi om at du ikkje freistar å lokke dei til deg frå stølsvegen eller andre område utanfor beitet.
Takk for at du viser omsyn og bidreg til ei god oppleving for både dyr og menneske.
Sist endra 08.07.2026 12.11