Beitande geiter ved Opdalstølen

Fem geiter beitar sommaren 2025 i, og ved kulturminneløypa ved Opdalstølen, Tyinkrysset.

Dette er eit samarbeid mellom Opdalstølen og Øysterlie utmarkslag, Vang kommune og Innlandet fylkeskommune, for å ta vare på kulturlandskapet og gjere kulturminna meir tilgjengelege.

Geitene et kratt og buskas, og bidreg til å hindre attgroing.
Slik vert området lettare å ferdast i – både for turgåarar og for å oppdage spor etter fortida, som dei mange skålgropene langs løypa.

Viktig å hugse på:

🐕 Hald hunden i band
🐐 La geitene beite i fred
🤝 Vil du helse? La geitene komme til deg – ikkje spring etter dei eller prøv å lokke dei

Geitene går innanfor eit avgrensa område og har på seg halsband med svak straum for å halde dei innanfor. Lokkar du dei ut, kan dei få straum.
Difor er det viktig at ein ikkje sit i stølsvegen og freistar å få dei bort frå området sitt.

 Parkering langs vegen er på eige ansvar.

Ellen Steinsvoll