Søknadsfristen er 1. februar 2026.
Barnehagar i kommunen
Kommunen har to kommunale barnehagar. Du kan søkje om 3, 4 eller 5 dagars plass i begge barnehagane.
Barn som allereie har fast plass, treng ikkje søkje på nytt for å behalde plassen. Ønskjer du endring av opphaldstid, må det sendast inn ny søknad.
Nytt barnehageår startar 17. august 2026.
Retten til barnehageplass
I følgje Barnehageloven, §16:
• Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året du søkjer, har rett til plass frå august.
• Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året du søkjer, har rett til plass innan utgangen av månaden barnet fyller eitt år.
• Barn har rett til barnehageplass i kommunen dei bur i. Søknaden må sendast innan 1. februar 2026.
Slik søkjer du plass i barnehage
Logg inn via Innlogging for Vang: Innlogging for vang: Foresattportal
Har du spørsmål? Ta kontakt med styrar Heidi Lynge Kvale
epost: heidi.lynge.kvale@vang.kommune.no