
I juli vart det teke vassprøver ved Sparstad, Laglim, Neset og Vang. Resultata viser god vasskvalitet ved alle dei undersøkte badeplassane.
Neset fekk den beste vurderinga, medan Sparstad, Laglim og Vang alle vart vurderte til å ha god badevasskvalitet.
Det er gode nyheiter for alle som framleis har lyst til å ta seg eit bad før sommaren er over.
Vil du sjå resultata frå fleire badeplassar i Valdres, finn du dei hos Miljøretta helsevern Hallingdal og Valdres:
Sjå badevasskvaliteten i Valdres