Auka kompetanse i Valdres: Grunnkurs i traumeforståing fullført

Kurset gjekk over to dagar, 12. og 13. februar, og vart arrangert av Sykehuset Innlandet v/ føredragshaldar Gabrielle Frøen og Øystre Slidre kommune v/ psykisk helseteneste.

Alle Valdreskommunene deltok med representanter fra Barnehage, Skole, Helsestasjon, Skolehelsetjeneste, Psykisk helsetjeneste/helsearbeid, Flyktningetjeneste, Asylmottak og Barneverntjenestene i Valdres. FACT Valdres og DPS avdeling Valdres var også representert.

Grunnleggjande traumeforståing i kommunen sitt tverrfaglege arbeid

Mange barn, unge, vaksne og flyktningar lever med erfaringar som kan vere overveldande og belastande. Trauma kan oppstå etter vald, omsorgssvikt, ulukker, mobbing, langvarig stress, krig eller flukt. Slike opplevingar påverkar både kroppen, kjensler, læring, helse og relasjonar.

For å kunne gi god og heilskapleg hjelp er det avgjerande at kommunale tenester har ei felles forståing av kva trauma er, og korleis dei kan kome til uttrykk i kvardagen. Traumeforståing handlar ikkje om å stille diagnosar, men om å møte menneske med tryggleik, føreseielegheit og respekt. Kommunen skal arbeide på tvers av tenester for å sikre heilskapleg oppfølging.

Kommunen skal vere ein trygg stad å bu, vekse og leve - også for dei som ber med seg vanskelege erfaringar. Mange har vore utsette for store belastningar utan å få den støtta og omsorga dei har hatt behov for. Eit traumesensitivt perspektiv anerkjenner traumets potensielle negative effekt på den psykiske helsa, og korleis ein kan leggje til rette for mogleg betre.

Læringsmål for kurset

  • Forstå kva som skjer i hjernen under opplevd livsfare
  • Forstå samanhengen mellom potensielt traumatiserande hendingar og psykiske og fysiske symptom
  • Forstå samanhengen mellom trauma og stress
  • Forstå samanhengen mellom omsorgssvikt, trauma og reguleringsvanskar, til dømes rus
  • Forstå kva dissosiasjon er
  • Lære teknikkar for stabilisering og ferdigheitstrening
  • Lære enkle prinsipp for bearbeiding

Kurshaldar

Gabrielle Frøen, spesialrådgivar trauma, Sykehuset Innlandet

Gabrielle Frøen har 15 års erfaring som undervisar og føredragshaldar innan traumefeltet. Ho er EMDR‑behandlar (Eye Movement Desensitization and Reprocessing) og rettleiar ved Sykehuset Innlandet. Gabrielle driv òg undervisning og rettleiing for ulike opplæringsstader, prehospitale tenester, politistudentar, ulike skular og kommunar. Ho er oppteken av å fremje forståing av traumelidingar og bidra til betre behandling på feltet.