Anbod ute: Nye omsorgsbustader på Vangsheimen

Vang kommune inviterer med dette til konkurranse om kontrakt for totalentreprise for ombygging og påbygg med ni nye omsorgsbustader ved Vangsheimen Uppigarden.

Tegning av nye vangsheimen - Klikk for stort bilete

Ombygginga skal bidra til eit fleksibelt bygg som gjer kommunen betre rusta til å møte dei demografiske endringane og ressursutfordringane vi står overfor.

Anbodet er kunngjort på Doffin, den nasjonale databasen for offentlege anskaffingar. 
Vi håpar at lokalt næringsliv vil vise interesse for prosjektet.

Kontaktinfo

Thorleif Leine
Prosjektleiar
E-post
Mobil 93 41 45 13