Stortingsval og sametingsval 2025

 Val 2025 – Praktisk informasjon for veljarar i Vang kommune

🗓 Valdagar

  • Måndag 8. september 2025 er den offisielle valdagen for stortingsvalet.
  • I Vang kommune er det i tillegg vedteke å halde val også søndag 7. september.

📍 Stemmestad

  • Vangshallen, Sal 3
    Inngang på baksida av hallen.
    • Parkering: Det er parkering på området til høgre, før rundkøyringa.
    • Forflytningshemma: Kan køyre ned til høgre for fotballbana og parkere ved inngangen på baksida.

🕒 Opningstider for stemming i Vangshallen

  • Søndag 7. september: kl. 13.00 – 17.00
  • Måndag 8. september: kl. 09.00 – 18.00

✉️ Tidlegstemming og førehandstemming

Tidlegstemming

  • Periode: tysdag 1. juli – laurdag 8. august
  • For å tidlegstemme må du ta kontakt med kommunen for å avtale tid: 61 36 94 00
     

Førehandstemming

  • Periode: måndag 11. august – fredag 5. september
  • Stad: Kommunehuset
    • Opningstider: måndag–fredag kl. 08.30–15.30
    • Fredag 29. august: utvida opningstid til kl. 19.00
       

Førehandstemming på Vangsheimen

  • Onsdag 3. og torsdag 4. september
  • Kl. 10.00 – 14.00

🏠 Heimestemming

Dersom du har behov for å stemme heime, må du søkje innan:
🕛 Torsdag 4. september kl. 12.00 (torsdag før valdagen)
Du kan søkje ved å ta kontakt på telefon: 61 36 94 00

📋 Mantal

Mantalet blir lagt ut rundt 10. juli på følgjande stader:

  • Joker Ryfoss
  • Kommunehuset
  • Joker Tyinkrysset