Møtegodtgjersle og tapt arbeidsforteneste

Vi ber om at du som er folkevald leverar krav om møtegodtgjersle og tapt arbeidsforteneste gjennom visma.

Registrering av godtgjersle og utlegg

Rettleiing

  • Logg inn og klikk på "Expense"
  • Klikk på "Opprett ny"
  • Som namn fyller du inn type møte og dato (til dømes Synfaring Bygdin 02.11.2023)

Møtegodtgjersle

  • Klikk på "Legg til utlegg"
  • Under "Type utlegg" vel du "Møtegodtgjersle - fast sats"
  • Legg inn beløp: 
    • For møte i kommunestyre, formannskap, hovudutval med sakliste: 1100 kr
    • For andre møte (råd, utval og seminar, budsjettkonferanse osv.): 550 kr
  • Fyll inn formål, til dømes "Synfaring"
  • Klikk på "Legg til"

Kilometergodtgjersle

  • Klikk på "Legg til kjøring"
  • Under "kjøretøy" legg du inn "Bil - politiske møter"
  • Legg inn antal kilometer og reiserute. Du kan bruke knappen "Kart og bompenger" til å søke opp antal kilometer. 
  • Fyll inn formål, til dømes "synfaring"
  • Klikk på "Legg til"

Tap av arbeidsforteneste

  • Klikk på "Legg til utlegg"
  • Under "Type utlegg" vel du "Tapt arbeidsfort.-legitimert" eller "Tapt arbeidsfort.-ulegitimert"
  • Legg inn beløp
  • I feltet "Formål" skriv du kvifor du søker om dekking av tapt arbeidsforteneste, antal timar og sats
  • Klikk på "Legg til"

Sjå gjennom og send inn

Sjå gjennom at informasjonen i samandraget ser rett ut, og klikk på "Send til godkjenning"