Høre barnehage

Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde. 

Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen. Askeladden som er storbarnsavdeling er i midten, og Tommeliten som er småbarnsavdeling er i kjellaren.

I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.

Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.

Her er det aktive vaksne og barn som setter fellesskap og gode opplevingar fyrst.

Kontaktinfo

Heidi Lynge Kvale
Styrar
E-post
Telefon 90 58 05 29

Adresse

Høre barnehage

Hørevegen 270
2973 Ryfoss

Telefon: 948 02 927 / 948 14 394