Fredheim barnehage

Fredheim barnehage er sentrumsbarnehagen med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.

Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 25 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 18 barn i alderen 1-3 år.

I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. Fredheim barnehage har to utedagar i veka, og turdagane går til naturskjønne områder i nærleiken av barnehagen. Søvelbua er turmål nr. 1 største delen av året. Elles er det turar for dei største barna både til Fugleberg, langs Kongevegen og til Krøsshaug.

Kontaktinfo

Karin Trøen
Barnehagestyrar
E-post
Telefon 61 36 94 90

Adresse

Fredheim barnehage

Tyinvegen 5124
2975 VANG I VALDRES
Telefon kontor: 61 36 94 90

Grindagjengen mobil: 916 51 849

Hugagløtten mobil: 916 40 836