UKM - Ung Kultur Møtes

Logo UKM - Klikk for stort bilete

UKM (Ung Kultur Møtes) er eit nettverk av små lokale festivalar kor ungdom i alderen 13-20 år kan delta med alle slags kulturuttrykk.

Les om UKM på ukm.no.

I Valdres går kultursektoren i alle seks kommunane saman om å arrangere UKM Valdres i kulturhuset på Fagernes som ei regional lokalmønstring.

UKM står for Ung Kultur Møtes (tidl. Ungdommens Kulturmønstring). UKM er ingen konkurranse, men ei mønstring av ungdomskultur. Nokon ungdommar går vidare til UKM fylkesfestivalen. Juryens utveljing skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet, og dei utvalde deltakarne skal speile breidda i UKM. Kvart fylke sender i neste omgang deltakarane til den nasjonale UKM-festivalen. Dei som går vidare får stå på ei enda større scene, og treffe ungdommar frå andre delar av landet. Nokon får og mogligheit til å representera  UKM som ambassadørar utanfor landet sine grenser.

UKM er ein av landets største offentlige satsningar på ungdomskultur.

Kontaktinfo

Yvonne Mæland
Rådgjevar, utdanning og kultur
E-post
Telefon 48 22 66 59