Kommunen fakturerer eit forskot på vatn og avløp slik at kostnaden blir fordelt utover året, i staden for å kome som ei stor avrekning éin gong i året. Når året er omme, blir det rekna ut kva du faktisk har brukt. Her får du tilbake det forskotet du har betalt året før. Om du hadde eit høgt forbruk i året før, blir forskotet satt tilsvarande høgt i det nye året. Frådrag kjem på fyrste fakturaen for året som er i februar. Nytt forskot for året vert basert på avlesing av vassforbruket frå året før.
Vassmålar
Alt forbruk skal dokumenterast ved bruk av vassmålar. For å få installert vassmålar må du sjølv ta kontakt med ein autorisert røyrleggjar. Røyrleggjar skal hente ut vassmålar hos kommunen og stå for sjølve installasjonen. Abonnementet gjeld frå den dagen vassmålaren er utlevert. Kommunen tek ikkje betaling for sjølve målaren, men kostnadane med installering må eigar dekkje.
Vassmålaravlesing
I desember kvar år er det vassmålaravlesing, og det blir sendt ut SMS-varsling til dei som har registrert mobilnummer for avlesing. Det blir og sendt ut avlesingskort via SvarUt til dei som ikkje har SMS-varsling. Kommunen bruker innsendt vassmålaravlesing til grunn for avrekning av vatn og kloakk som du har brukt det året. Om du ikkje har sendt inn avlesing til kommunen så blir det stipulert eit antatt forbruk.
Gebyr: Vatn og avløp
Lokal forskrift om gebyr for kommunalt vatn og avløp Vang kommune