Skal du hogge?Ikkje la nokon hogge i skogen din utan skriftleg kontrakt! Det kan lett bli usemje. Då er det oftest du som skogeier som taper.Viktige spørsmål og avklaringar du bør finne svar på før signering av kontrakt om hogst: Er skogen hogstmoden, dvs. utvokst? Kva er dei økonomiske konsekvensar av å hogge nå, kontra å vente noen år? Avklar eventuelle vegbehov og molegheiter for tilskott til skogsveg så tidleg som mogeleg før hogst. Om du har skogbruksplan med hogstforslag så bruk den. Ta kontakt med minst to kjøperar av tømmer for pristilbud. Det er ofte store prisvariasjoner. Søk nøytral faghjelp for vurdering av bl.a. hogstmodenhet, vegløysningar og pristilbod om du er i tvil. Følg med på hogsten undervegs, og få melding frå entreprenøren i god tid før hogsten er ferdig, slik at du kan sjekke at oppdraget er/blir utført i henhold til kontrakt. For å ha betre kontroll på måling av volum som går ut av skogen, kan du be om at det dagleg blir take utskrift frå hogstmaskine si database. Sjekk nøye virkesavrekninga (oppgjørspapir) for å forsikre deg om at alt er kome med, at prisar, kostnadar og skogfondstrekk mv. er som avtalt. Kontakt skogbruksleiarar i Viken skog eller Nortømmer som kan hjelpe deg med avvirkning av skog og skogkultur. Nortømmer AS - www.Nortommer.no Viken skog AS - www.Vikenskog.no StammespråkHer er nokre nyttige ord og uttrykk å kunne når ein talar om skogen: Avvirkning: Hogst av tømmer Bonitet: Hvor fort vokser trærne? 14 er dårlig, 23 er bra. G står for gran og F står for furu. Drift: Ein organisert tømmerhogst i eit avgrensa område Foryngelse: Å få det til å vekse ny skog der ein har hogd. Planting, såing eller ”naturleg foryngelse” (å la trea gjere det sjølv) Hogstklasse: Kor gamal er skogen? I=Snau hogstflate II=nettopp planta III=yngre produksjonsskog: Baby til fjortis IV=eldre produksjonsskog: Vaksen V=hogstmoden skog: På gamleheimen Lunne: Ein haug med tømmer, sortert etter kva den skal brukast til MIS: Miljøkartlegging i skog. Kartlegging av biologiske verdier MIS-figur: Et biologisk viktig område (død ved, rik bakke) minst 2 mål Proveniens: Kvar er treet tilpassa å vekse? Sør/Nord, høgt til fjells/i lavlandet Skogbrukssjef/rådgjevar/fagansvarleg skog: Kommunalt tilsett som forvaltar lovverk som har med skogbruket å gjere