Hogst i vernskog

Vernskogen i Valdres ligg opp mot fjellet, så høgt at det er vanskelege foryngelsesforhold, eller så liten vekst  at skogen kan bli øydelagt ved feil  hogst.

I Vang  ligg vernskoggrensa frå 760 moh. og oppover. Noko variererande frå kvar du er i kommunen. Ved å leggje på temakart for vernskog i www.valdreskart.no kan du sjå kvar grensa ligg.

Det er fylkeslandbruksstyret som har vedteke kva for område som har vernskogstatus og korleis skjøtselen av desse skal skje. Eit viktig prinsipp er at varmeklimaet ikkje skal forverrast  ved hogstinngrep og at skogen skal behalde eit samanhengande skogbilde over tid. Det kan altså ikkje hoggast  store hogstflater og rundt halvparten av den stående skogen må bli stående. Det skal også takast vare på element  som kraggfuruer, turre og vridde tre og reirplassar for store rovfuglar. 

All hogst i vernskog, med unntak av hogst til eige bruk, skal meldast til kommunen ved landbrukskontoret seinast 3 (tre) veker før hogsten tek til.  Skjema for melding av hogst i vernskog ser du i menyen til høyre. Eit kartutsnitt som viser det aktuelle hogstområdet, skal ligge ved meldinga som skal sendast til Landbrukskontoret i kommunen.

 

Landbruksdirektoratet: Informasjon om vernskog