Inn på tunet

Inn på tunet (IPT) er tilrettelagt og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenesta skal gje grunnlag for meistring, utvikling og trivsel. Gardbrukaren tilbyr ulike tilbodet  som er knytt til garden, livet og arbeidet der. Inn på tunet kan og vera eit tilleggsnæring knytt til anna drift på garden.

Velferdstenestene kan omfatte ulike private, kommunale og statlige tilbod,  som innanfor oppvekst og opplæring. Helse- og omsorgstenester i samband med rusmisbruk, funksjonshemming, psykisk helse, demens og tilbod om arbeidstrening frå NAV. Intergrering av innvandrarar og flykningar kriminalomsorgen og førebyggjing.

Alle passar ikkje inn i "systemet" og treng eit eige opplegg for å utvikle seg å meistre livet sitt. Miljøet på garden har mykje å tilby som blant anna stell av dyr, arbeid i skogen, friluftsliv, snekring, husflid, baking og produksjon av ulike produkt.

Målet  med Inn på tunet tilbod er både å auke antal brukarar og antal tilbydarar for å forebyggje og rehabilitere.

Vang har gardar som har starta Inn på tunet tilbod på garden sin. Vil du veta meir om tilbodet, ta kontakt med landbrukskontoret eller les meir på http://www.innpatunet.no/ og https://www.matmerk.no/no/inn-pa-tunet/om-inn-paa-tunet

Inn på tunet ordninga  gjer og høve til å søke tilskott i etableringsfasen og i bedriftsutviklingsfasen.  Sjå www.innovasjonnorge.no