Landbrukskontoret i VangVang kommune skal leggje til rette for eit aktivt landbruk i Vang, med særleg vekt på: • landbruk som hovudnæringa i Vang • kulturlandskap og lokal byggjeskikk • busetjing • utmarksressursar • lokal ressursutnytting og vidareforedling • næringskombinasjonar/stølsdrift Pr. dags dato er det om lag 100 aktive bruk i kommunen. Mjølk, kjøtfe og sauehald er dei viktigaste produksjonane. Landbrukskontoret forvaltar saker innan skogbruk, jord- og konsesjonslov og tilskottsordningar samt andre landbruksrealiterte oppgåver. Landbrukskontoret har og ansvaret for hjortvilt- og rovviltforvaltninga. Dersom du skal på Landbrukskontoret og har behov for å treffa ein av landbruksrådgjevarane, ver venleg å ta kontakt på telefon for å avtala tid.