- Søknad om arealoverføring
Skjema: https://www.dibk.no/globalassets/blanketter_utfyllbare/alle-blanketter/5153n-soknad-om-loyve-til-tiltak-utan-ansvarsrett-2020.pdf
Me anbefaler å nytte dette skjemaet og å fylle ut skjema så godt som mogleg for å få med relevant informasjon i saka.
Så lenge riktig informasjon kjem fram i søknaden på ein oversiktleg måte, treng ikkje dette skjemaet nyttast.
Søknad må signerast av alle dei tinglyste eigarane til ein av eigedomane som endrar grense.
Om det er nokon andre som skal søkja, må det leverast fullmakt frå tinglyst eigar.
- Formål med arealoverføring
Ved søknad må søkjar oppgjeve kva formål areala skal nyttast til.
Det må leverast datert kart med markering av kva grenser som skal gås opp, samt dei eksisterande eigedomstilhøva. Kartet må vere av nyare dato og vise dagens situasjon.
Du kan hente situasjonskartet frå Origo/Kommunegis.
Arealoverføring må nabovarslast. Minst to veker før varslinga skal innehalde dei opplysningane som gjevast i søknaden, med relevante vedlegg som kart. Dette slik at naboar får høve til å uttale deg om saka. Om ein nabo kjem med merknad til nabovarselet, skal du legge denne ved søknad om løyve med kommentar til merknaden.
Her finn du nabovarselskjema: Søknad om byggesak - Direktoratet for byggkvalitet
• Nabovarsel
• Opplysningar gjeve i nabovarsel (leggjast ved søknaden)
• Kvittering for nabovarsel (leggjast ved søknaden)
Ulike tenesta tilbyr også digitalt nabovarsel, til dømes e-torg.no og infoland.no
- Sikring av veg-, vatn- og avlaupsrettar og eventuelle erklæringar (eksisterande og nye)
Det må gjerast greie for korleis veg, vatn og avlaup er planlagt og sikra.
Dersom arealoverføringa fører til at ein av eigedomane må ha veg og/eller vatn- og avlaupsanlegg over ein annan eigedom, må du leggje ved erklæring/avtale på det.
Det anbefalast å tinglyse rettane slik at det er tydeleg for ettertida. Saksbehandlar kan rettleie med eit forslag/mal til erklæring dersom dette er behov.
- Rekvisisjon (bestilling) av oppmålingsforretning
Godkjent skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning ved søknadspliktige tiltak (Plan- og bygningsloven og tilsvarande lovverk):
https://www.kartverket.no/globalassets/eiendom/skjema/rekvisisjon-soknplikt-nyn-2404.pdf
Kven skal signere (side 3 i skjema): Skjemaet må signerast av alle dei tinglyste eigarane til ein av eigedomane som endrar grense.
Om det er nokon andre som skal bestille oppmålingsforretning, må det leverast fullmakt frå tinglyst eigar.
- Stadfesting på at dei berørte eigedomane er kjende med at det blir rekvirert oppmålingsforretning
Eigarar av båe eigedomane treng ikkje signera på rekvisisjon av oppmålingsforretning, men det må kome fram at eigedomane som skal endre grenser er kjende med at det skal rekvirerast oppmålingsforretning.
Skriv derfor ei kort stadfesting om dette i bestillinga, til dømes:
«Eigarane av eigedomane som skal endra grenser er kjende med at det blir rekvirert oppmålingsforretning. »
- Erklæring om arealoverføring (2 originale eksemplar)
Skjemaet erklæring av arealoverføring må signerast av alle eigarane av eigedomane som endrar grense.
Då dette er å regne som et skøyte, er det viktig at alle opplysningar er fullstendig utfylt. I avgiftsgrunnlag må ein fylle inn dagens marknadsverdi som avgiftsgrunnlag.
Her finn du skjemaet : Erklæring om arealoverføring
På Kartverkets nettside finn du rettleiing: Erklæring om arealoverføring | Kartverket.no
- Pant og hefte må vere fråfalt
Arealet som skal overførast må vere fritt for pant. Pant for arealet som skal overførast må ha blitt tinglyst fråfalt eller sletta.
Panthaver må sjølv tinglyse pantefråfall eller sletting av pant før du kan søke. Ta kontakt med panthavar/bank for dette.
Her er eit døme på korleis pantefråfallet kan formuleres:
"Syner til hefte tinglyst på gnr.../bnr... i Vang kommune med dokumentnummer XXX, dato dd.mm.åååå. Bank XXXX AS fråfell hefte i areal som blir overført mellom gnr.../ bnr... og gnr.... og bnr.... på yyy m2".