Saksbehandlingsfristar for byggesøknadarNormal saksbehandlingsfrist for byggesøknadar er 12 veker, men det finnes unntak. Les meir og sjå kva kriterium som gjeld. Normal saksbehandlingstidNormal saksbehandlingsfrist for byggesøknader er 12 veker. Dersom søknaden krev ein dispensasjonssøknad som krev uttale frå ein regional eller statleg myndigheit (for eksempel Statsforvaltaren, Statens vegvesen eller fylkeskommunen), stoppar fristen i tida søknaden ligg til uttale hos dei. Dersom den aktuelle myndigheita ikkje har svart innan 4 veker, byrjar saksbehandlingsfristen å gå att. Det er viktig å vere merksam på at tidsfristen ikkje byrjar å gå før søknaden er fullstendig. Dersom søknaden inneheld manglar ved fyrste innsending, vil tidsfristen ikkje starte å gå før manglane er retta og søknaden er komplett. Unntak Det finnes unntak som gjev saksbehandlingsfrist på 3 veker. For at saksbehandlingstida skal vere 3 veker, må søknaden tilfredsstille følgjande kriterium: Søknad med ansvarsrett (pbl § 20-3) Tiltaket må være i samsvar med føresegner gitt i eller i medhald av plan- og bygningsloven. Ytterlegare tillating, samtykke eller uttale frå annan myndigheit er ikkje naudsynt. Ingen merknader frå naboar eller gjenboere. Søknad utan ansvarsrett (pbl § 20-4) Tiltaket må vere i samsvar med føresegner gjeve i eller i medhald av plan- og bygningsloven. Ytterlegare tillating, samtykke eller uttale frå annan myndigheit er ikkje naudsynt. Søknader utan ansvarsrett kan altså innehalde nabomerknader, og framleis ha ei saksbehandlingsfrist på 3 veker. Forståing av "i samsvar med føresegner"At tiltaket skal være «i samsvar med føresegner gjeve i eller i medhald av plan- og bygningsloven" vil i praksis seie at tiltaket må oppfylle alle føresegner i plan- og bygningsloven og byggteknisk forskrift (TEK17). Tiltaket kan altså ikkje avhenge av verken dispensasjon (pbl § 19-2), fritak frå byggteknisk forskrift (pbl § 31-2) eller vere i strid med det generelle avstandskravet på 4 meter til nabogrense (pbl § 29-4). Dette betyr at sjølv om ein får eit avstandssamtykke frå naboar for å plassere eit tiltak nærare nabogrense enn 4 meter, vil plasseringa av tiltaket likevel føre til at saksbehandlingsfristen er 12 veker. Andre saksbehandlingsfristarSøknad om igangsettingstillating skal behandlast av kommunen innan 3 veker. Søknad om midlertidig brukstillating skal behandlast av kommunen innan 3 veker. Ferdigattest skal skrivast ut av kommunen innan 3 veker etter at kravet er motteke saman med naudsynt dokumentasjon. Søknad om endring av tillating til tiltak og søknad om endring av rammetillating skal avgjerast av kommunen innan 3 veker, dersom dei oppfyller unntaka over. Saksbehandlingsfristen på ein endringssøknad skal altså vurderast for seg sjølv, og er uavhengig av fristen som gjaldt for den opphavlege søknaden. Dersom endringssøknaden ikkje oppfyller alle unntaka over, vil søknaden ha ein normal saksbehandlingstid på 12 veker. Kjelder: Plan- og bygningsloven § 21-7 Byggesaksforskriften § 7-1