Transport tenesta (TT)

Transportordninga for funksjonshemma (TT)

er eit tilbod til dei som har behov for spesielt tilrettelagt transport. Ordninga er for dei som grunna si forflyttingshemming har store vanskar med å nytte det kollektive rutetilbodet på heimstaden.

Manglande kollektivtilbod eller naturleg alderdomssvekking er åleine ikkje grunn for å bli godkjend som TT-brukar.
Alle som viser gyldig TT-brukarkort får reise fritt med det ordinære kollektivtilbodet til Opplandstrafikk. TT-kortet gjeld  ikkje på bestillingsruter og fylkeskryssande ekspressruter. 

Ordninga blir administrert av fylkeskommunen.

Kontaktinfo

Rita Helen Dalemark
Avdelingsleiar Midtgarden
Telefon 48 00 80 79
Elisabeth Hålien
Leiar Tilrettelagte tenester