Lund aktivitetssenter og varig tilrettelagt arbeid (VTA).Lund aktivitetssenter har eit todelt ansvarsområde med arbeids- og aktivitetstilbod. Dette er eit tilbod til ulike brukargrupper, som treng bistand i sine aktivitetar.Lund aktivitetssenter samarbeider med Valdres arbeidssenter og NAV. Her inngår produksjon av ulike tenester, som hjå oss er catering, vedproduksjon og blomar. Lund arbeidsbase har nært samarbeid med NAV og HAPRO.Meir informasjon varig tilrettelagt arbeid Målgruppe for tenesta Du har behov for oppfølging på arbeidsplass eller aktivitet på dagtid grunna fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting. Du har behov for dagleg kontakt og aktivitet. Du er uføretrygda eller under utprøving av arbeidsevne. Lovheimel Tenesten er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester Kap. 3 §3-1, 1 og 2. ledd. Søknad Søknadsskjema kan du laste ned her, eller du kan kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester. Søknadsskjema Søknaden sender du per post: Postadresse: Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast på e-post grunna personvernet Klage Du har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Du kan sende klaga til den instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Sist endra 21.03.2024 12.43