Psykisk helsearbeid- og rusomsorg

Psykisk helsetjeneste i Vang kommune har kontorer i 2.etj på Vangstunet. Tenesta er eit lågterskel-tilbod der du kan ta direkte kontakt, henvisning frå lege er ikkje nødvendig.  Inntaksvurdering skjer kvar torsdag i samarbeid med kommunepsykolog. Tenesta er gratis.

Målet for tenesta er å fremme god psykisk helse, forebygge og redusere problemutvikling, samt fremme mestring av eget liv.

Tenesta yter bistand til:

  • Personer i krise eller vanskelige livssituasjonar.
  • Personer med milde og moderate psykiske plager/lidelsar
  • Personer med rus-relaterte problemstillingar.

Me kan tilby:

  • Individuelle samtaler
  • Gruppebehandling
  • Nettverksmøter
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeidsmøter/koordinator for individuell plan
  • Førebyggjande og opplysande tenester
  • Veiledning til alle aldersgrupper, pårørande og samarbeidande tenester i kommunen

Samtalene blir tilpasse ditt behov og kva som er viktig for deg. Saman med deg skal vi prøve å finne gode verktøy som kan betre kvardagen din og styrke din sjølfølelse.

Ved øyeblikkelig hjelp kontakt fastlege, legevakt eller nødnummer:

Vang legekontor: 61 36 95 00 Øyeblikkeleg hjelp (legekontor dagtid): 976 74 415

Telefon til nærmeste legevakt: 116 117

Ved akutt hjelp ring 113

Kontaktinfo

Bente Margot Nøbben
Fagleiar / Psykiatrisk sjukepleiar
Ellen Stokkehaugen
Psykiatrisk hjelpepleiar
Telefon 48 19 63 16
Anne Mette Thunshelle Opdal
Psykiatrisk sjukepleiar
Telefon 90 66 47 23
Emma Børhus Törmä
Kommunepsykolog
Telefon 94 86 36 15

Opningstider

Måndag - fredag kl. 8.00 - 15.30

 

Adresse

Vangstunet

Tyinvegen 5151
2975 VANG I VALDRES