Betalt eigendel for legeteneste blir registrert i HELFO, og når du har betalt eit beløp som blir fastsett sentralt for kvart kalenderår, får du tilsendt frikort. Dette gjeld også for reise til og frå behandling.
Legekontoret har betalingsautomat. Du betalar med kontantar (med høgste pålydande verdi kr 200,-) eller betalingskort. Om du ønskjer å få tilsendt faktura, må du betale eit gebyr. Hugs at det kan vere nytta utstyr, medikament el.l. som du må betale for, sjølv om du har frikort.
Vaksinering, førerkortattestar og andre attestar er ikkje omfatta av refusjonsordninga i HELFO og må betalast for, sjølv om du har frikort.