Søknad må sendast skriftleg via kommunen sitt søknadsskjema, og søkjar må leggje fram nødvendige opplysningar. Bustadene blir normalt tildelt for to år, med moglegheit for eitt års forlenging. Ved utløp av leigekontrakt må det søkjast på nytt. Det kan stillast krav om hjelpetiltak, som avtale om direkte trekk frå ytingar eller nedbetalingsavtale for gjeld. Leigetakarar kan også søkje om bytte av bustad ved endra behov, så lenge dei oppfyller grunnvilkåra og prioriteringskriteria.
Tilsette i Vang kommune: Nytilsette kan få tilbod om kommunal bustad dersom det er ledig bustad. Avklaring om ny tilsett treng kommunal bustad vert gjort i tilsetjingsprosessen. Etter oppstart i stilling er ikkje tilsett rekna som kvalifisert for kommunal bustad.
Busetting for personer med særskilte behov, eller boligsosiallov, Joanke Tito: joanke.tito@vang.kommune.no
Busetting for flyktninger: Kristin Venås: kristin.venas@vang.kommune.no
NB! Hugs at du ikkje skal sende sensitive personopplysningar på e-post – bruk i staden eDialog-tenesta til Vang kommune for sikker innsending.: Sikker sending av dokument