FrisklivssentralenFrisklivssentralen (FLS) er ein kommunal førebyggjande helseteneste og tilbyr hjelp til endring og meistring av levevanar. Frisklivssentralen gir strukturert oppfylgjing primært gjennom helsesamtale, tilbod om fysisk aktivitet, kosthaldsendring og snus- og røykeslutt.Alt kommunalt helsepersonell + NAV-tilsette kan henvise brukarar til Frisklivssentralen. Men ein kan også ta direkte kontakt med sentralen sjølv.Frisklivsresepten gir tilgang til 12 veker rettleiing og oppfylgjingstiltak innan fysisk aktivitet, kosthald og tobakk, og er eit lågterskeltilbod for alle aldersgrupper.Frisklivssentralen har også ein del gruppetilbod av ulike slag. Deltakelse på gruppetilbod stiller ikkje krav om at ein lyt ha ein frisklivsresept.Frisklivssentralen tilbyr individuell treningsrettleiing på Ryfoss treningssenter. Treningskort pris: 300kr for 3 måneder. Manglende innlevering av treningskort: 200kr i gebyr. BalansetreningTid: Torsdagar kl 13.00Stad: Fysiorommet på Vangsheimen Instruktør: Frisklivsrettleiar Oppstart 03.september 2026Sterk og stødig Tid: Tysdagar kl. 12.30Stad: Øye samfunshusAnsvarleg: FrisklivsrettleiarTid: Måndag kl. 10.45 Stad: Åsvang samfunnshusAnsvarleg: Frisklivsrettleiar NæturerI samarbeid med frivilligsentralen arrangerer me nærturar rundt omkring i Vang. Me prøver å få til ca. 5 turar i året og ynskjer at det er eit samarbeid med lokale innbyggjarar og interessepersonar. Så vis du har forslag til turar me kan gå, ta kontakt!Den 10. september markerer me friluftslivets veke med Nærtur til Knappen på Leirholshøgde.Oppmøte på Haukåsen. Me fyller biler og samkjøyrer. Finn du noko av interesse? Noko du saknar av tilbod? Ta kontakt med oss! Sist endra 31.08.2026 14.52