Snart får alle over 18 år SMS med innbyggjarundersøking
Kommunen ønskjer å høyre kva innbyggjarane meiner om korleis det er å bu i Vang. Tysdag 26. mai vil alle innbyggjarar over 18 år få tilsendt ei lenkje til ei innbyggjarundersøking på SMS. For dei som kommunen ikkje har telefonnummer til, vil undersøkinga bli sendt per post.
Undersøkinga handlar mellom anna om trivsel, kommunale tenester, tryggleik og tillit til kommunen. Svara er anonyme og gir kommunen viktig kunnskap for å kunne halde fram med å gi gode og treffsikre tenester til innbyggjarane.
Vi håpar så mange som mogleg tek seg tid til å delta og dele sine erfaringar og meiningar.
Dersom du av ulike grunnar har utfordringar med å svare digitalt, er du velkomen til å ta kontakt med kommunen. Då kan du få høve til å fylle ut undersøkinga på papir ved kommunehuset.
Sist endra 21.05.2026 14.10