Forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel for 2025-2040

I kommunestyremøtet 14. november la kommunedirektøren fram forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel for 2025-2040.

Samfunnsdelen er utarbeida på bakgrunn av eit kunnskapsgrunnlag som kommunestyret har vedteke. Sentrale dokument i dette kunnskapsgrunnlaget er folkehelseoversikt for Vang kommune og Nasjonale forventningar til kommunal planlegging.

Dokumentet vart lagt fram som grunnlag for forankring og medverknad frå dei politiske partia i kommunestyret og i kommuneadministrasjonen. Fram til midten av januar vil det vere mogleg å kome med innspel til planforslaget. Kommunestyret har bedd om å få att planen til politisk behandling i sitt møte den 6. februar. Etter dette blir kommuneplanen lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

Det vil i perioden fram til medio januar også bli arrangert nokre opne innspelsmøter for lokalbefolkninga og andre interesserte.  Dato og møteplasser for innspelsmøter er:

  • Måndag 9. desember, Politikarpraten på biblioteket kl. 16.30
  • Tysdag 17. desember, møte med næringslivet, Mjøsvang kl. 16.30
  • Måndag 6. januar, Vangshallen kl. 16.30
     

I tillegg blir det politisk verkstad med kommunestyret 9. januar. 

 

Sjå forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel: 

Kommuneplanen samfunnsdel (PDF, 487 kB)