Vang kommune skal hausten 2025 administrere drift av bygdekinoen i Vang. Vang kommune vil ta seg av profilering og avtale med bygdekinoen.no, og vi ønskjer å invitere eit lag i Vang kommune med som samarbeidspart på dugnad knytt til køyring av kino.
Dette laget tek på seg å arrangere sjølve kinokvelden, og for dette får dei kr 1500,- kvar filmkveld. Kinokveldane hausten 2025 er i auditoriet på VBU på følgande fredagskveldar: 29.8, 26.9, 24.10, 21.11, og 19.12. Laget som ønsker å ta oppgåva får opplæring. Oppgåva er for eit halvt år om gongen. Søknadsfrist er måndag 25. august, og interesserte lag kan sende e-post til postmottak post@vang.kommune.no .
Det er behov for ein til to personar som må bere litt tungt, og ein person må vere til stade gjennom kinokvelden. Minst ein person må kunne møte ca. kl.16.00 for å vere berehjelp og det er behov for berehjelp ved slutten av kvelden ca. kl 21.30-22.00. Laget må ha organisasjonsnummer.
Ved søknad treng vi følgande opplysningar:
- Namn på laget
- Organisasjonsnummer
Ta kontakt med Solveig Rønneberg på tlf. 99246417/90840792, om de lurer på noko.