Samfunnshusa i Vang kommune

I tillegg til Vangshallen, har me 3 flotte samfunnshus i Vang kommune i bygdene Øye, Åsvang og Høre.

Samfunnshusa våre er tilgjengelege for ulike aktivitetar innan idrett, musikk, fritid og frivilligheit. Alle husa har gymsal, kjøkken og toalettfasilitetar som kan nyttast ved leige.

Retningslinjer for leige:

  • Aldersgrense: Du må vere minst 18 år for å kunne leige.
  • Leigeperiodar: Leige følgjer skuleruta, og det er ikkje mogleg å leige i skuleferiane.
  • Gratis bruk: Berre foreiningar i Vang kan nytte fasilitetane gratis. Det er ikkje lenger gratis å utføre eigenvask («moppe sjølv»).
  • Vask og gebyr: Alle som leiger lokalet, har ansvar for å vaske det etter bruk. Dersom vaskereglane ikkje blir følgde, vil det bli sendt faktura for vask.

Bestilling

Ta kontakt minst 3 arbeidsdagar før dersom du ønskjer å leige eit av samfunnshusa våre. 

Send e-post til: samfunnshus@vang.kommune.no

Online booking: Informasjon og booking

Betalingssatsar leige av samfunnshus

Betalingssatsar leige av samfunnshus
Type leige Pris
Fast/ regelmessig trening/ møte/ øving og enkeltarrangement der det er gjort avtale om at leigetakar ryddar og moppar etter seg Gratis
Arrangement i gymsal med tilhøyrande rom kr. 1000
Arrangement i kafeteria eller mindre rom kr. 500
Komersielle salsarrangement i gymsal eller tilhøyrande rom kr. 1500
Komersielle salsarrangement i kafeteria eller andre mindre rom kr. 800
Arrangement innbyggjarar i Vang Gratis

Åsvang samfunnshus

Hensåsvegen 351

Høre samfunnshus

Hørevegen 270

Øye samfunnshus

Øyevegen 160

Vang barne- og ungdomsskule

Tyinvegen 5035

Jan Egil Jægersborg

Kontaktinfo

Samfunnshusa i Vang
E-post

Booking: Vangshallen.no