Orientering om framdrift Tyinkrysset reinseanlegg

Vang kommune er i gang med anbodsprosessen for å få utvida Tyinkrysset reinseanlegg. Kommunen hadde ein anbodskonkurranse tidlegare i haust der kommunen ikkje fekk inn nokon tilbod. Konkurransen må dermed lysast ut på nytt. Administrasjonen legg no opp til ein ny konkurranse og at ein har inngått kontrakt i januar 2024. Åpningsdato for utvida reinseanlegg blir sett til februar 2025.

Etter dialog med Statsforvaltaren så kan ikkje Vang kommune belaste reinseanlegget meir før kapasiteten er utvida. Etter plan- og bygningslova § 27-2 fyrste ledd: "Før opprettelse eller endring av eiendom til bebyggelse eller oppføring av bygning blir godkjent, skal bortleding av avløpsvann være sikret og i samsvar med forurensningsloven." Med sikra i denne samanhengen så må ein opningsdato for utvida reinseanlegg vere heilt sikker.

Vang kommune har tidlegare praktisert ei ordning der ein kan søkje om å få lov til å sette i gang tiltak/bygg mot at dei ikkje får bruksløyve/ferdigattest før avløpsreinseanlegget er ferdig utvida. Dette fordi ein trudde at den tidlegare datoen for åpning i første kvartal 2024 var ei sikker nok dato. Denne datoen har vist seg og ikkje stemme ettersom ein ikkje fekk nokon aktuelle byggentreprenørar. Den nye åpningsdatoen som er sett til februar 2025 er fortsatt kun eit estimat og ikkje sikker nok til at kommunen kan gje slike vilkår frem til anbodskonkurransen har blitt gjennomført og ein ferdigstillingsdato er kontraktsfesta. Kommunen vil kome med meir informasjon om saka så fort vi veit meir sikkert om åpningsdato for reinseanlegget, tentativt i januar 2024.