KOBO - kommunal bolig

KoBo – kommunal bustad er ei teneste som tilbyr mellombelse bustader til personar med særskilte behov for hjelp til å skaffe seg eigna bustad. Søknad må sendast skriftleg via kommunen sitt søknadsskjema, og søkjar må leggje fram nødvendige opplysningar. Bustadene blir normalt tildelt for to år, med moglegheit for eitt års forlenging. Ved utløp av leigekontrakt må det søkjast på nytt. Det kan stillast krav om hjelpetiltak, som avtale om direkte trekk frå ytingar eller nedbetalingsavtale for gjeld. Leigetakarar kan også søkje om bytte av bustad ved endra behov, så lenge dei oppfyller grunnvilkåra og prioriteringskriteria. 

Som nytilsett i Vang kommune kan du òg søkje om kommunal bustad dersom du har behov for det.

Ved spørsmål, ring sentralbord: 61 36 94 00

Busetting for personer med særskilte behov, eller boligsosiallov, Joanke Tito: joanke.tito@vang.kommune.no
Busetting for flyktninger: Kristin Venås: kristin.venas@vang.kommune.no
Busetting for nytilsette: Solfrid Jordalen: solfrid.jordalen@vang.kommune.no

NB! Hugs at du ikkje skal sende sensitive personopplysningar på e-post – bruk i staden eDialog-tenesta til Vang kommune for sikker innsending.: Sikker sending av dokument

Kontaktinfo

Joanke Tito
Rådgjevar helse og omsorg
E-post
Telefon 95 40 42 79
Kristin Venås
Leiar læringssenteret
E-post
Mobil 99 53 63 79
Solfrid Jordalen Jægersborg
Leiar HR, organisasjon og service
E-post