No er Skutshorn under kontinuerleg overvaking

Skutshorn er no under kontinuerleg overvaking, melder NVE. Det vil sei at eit mogeleg ras frå Skutshorn kan varslast i god tid.

NVE har gjennom 2023 jobba med å montere instrument for å gje kontinuerlege rørsledata frå fjellpartiet Skutshorn. Samstundes har Vang kommune, i samarbeid med NVE, politiet og Statsforvaltaren arbeidd med å lage ein beredskapsplan for Skutshorn.

Skutshorn er no eitt av ti ustabile fjellparti i Noreg som blir overvaka døgnet rundt. Eit større fjellskred frå Skutshorn kan føre til flodbølgje som kan få store konsekvensar for busetnad langs heile Vangsmjøse. Kontinuerleg overvaking betyr at ein har kontroll på endringar i rørslene i fjellet og at ein kan varsle innbyggjarane i god tid.

-Vi har testkøyrt systemet gjennom vinteren. Alt fungerer som det skal, så nå er vi klare til å formelt gå over til kontinuerlig overvåking av fjellet, seier geolog Kjetil Indrevær i NVE. 

NVE, politiet, Vang kommune og Statsforvaltaren er hovudaktørar i beredskapen mot fjellskred ved Skutshorn, og er ansvarlege for å utarbeide planverk og gjennomføre øvingar. Ein beredskapsplan for Skutshorn er snart ferdig utarbeida, og vil bli revidert med jamne mellomrom. Kommunen har og hatt tett samarbeid med Statens vegvesen og Innlandet fylkeskommune i samband med dette arbeidet. Kommunen vil gjennomføre ei øving for å teste planverket. Beredskapsplanen blir tilgjengeleg når den er ferdigstilt. 

 

Kva er gjort på Skutshorn?

Det er montert straumforsyning, kommunikasjon, landingsplattform for helikopter, GPS-ar og ein totalstasjon som måler mot ein tjuetals prismer i det ustabile fjellpartiet med millimeter-presisjon. Sjølv om instrumenteringa tilfredsstiller krava til kontinuerleg overvaking, vil NVE gjennom sommaren 2024 jobbe vidare på Skutshorn. 

-Vi ønsker å utvide området som instrumenteres, og gjøre løpende forbedringer av overvåkingssystemet etter hvert som vi får erfaring med de lokale forholdene på Skutshorn, avslutter Indrevær.

 

NVE si pressemelding om kontinuerleg overvaking av Skutshorn kan du lese her.

Sjå informasjon om kontinuerlege overvaka fjellparti i Noreg her.