VANG KOMMUNE - POSITIVPRISEN 2018!

Positiv1 - Klikk for stort bilete Som avslutning på ein innhaldsrik bokkveld i Vang folkebibliotek i går kveld, kunne ordførar Vidar Eltun overrekke Positivprisen for 2018 til Gudrun Gustavsen og Margrethe Ann Fagerheim.

Positiv2 - Klikk for stort bilete Dei to damene har i ei årrekkje stått på for å aktivisere innbyggjarane i Ryfoss med omegn, blant anna gjennom Ryfoss treningssenter og i gågrupper. Dei har vore med og stått i bresjen for gjennomføring av Farmendagen, Julegateopning og ei rekkje tiltak i nærmiljøet. Dei er strukturerte, engasjerte og utstrålar positivitet og pågangsmot.

Dei er verdige vinnarar av Positivprisen 2018!

Bokkvelden elles inneheld fin musikk framført av Valdreskvelven, Arne Erik Fønhus held eit spennande og interessant foredrag om forfattaren Mikkjel Fønhus og evigunge Sigfred Hovda las frå boka si Vilt o Vetøgt. Sørre Hemsing stod for trakteringa til ca. 120 publikummarar og Fagernes Libris var på plass for å selje bøker. Alt i alt ein triveleg kveld som Åsta på biblioteket hadde regien på.